Rak – Like A Bird

Halvt norsk – halvt thai. Rak fortel om livet sitt med eit 20 minutters spor, som skildrar hennar unike oppvekst. Låtane vandrar i poplanskapet med personlege opplevingar og tankar om korleis livet utartar seg med den bakgrunnen ein har. Release 13.mai.

Rak har vakse opp i den vesle bygda Eiksund. Både bygda og familien hennar har tilsynelatande forma henne, men så er det så mykje meir som også ligg bak – fars forhold til alkohol, kreft og død, ein familie på den andre sida av kloden det er vanskeleg å forholde seg til når ein ikkje kan språket, bygdeoppvekst og annleisheit har heller aldri vore ein god kombinasjon, der ho heile tida har streva for å framstå som ‘normal’.

Sjølv om Rak elskar bygda si, held ho no til i musikkmiljøet i Oslo. Ho har mange hattar innanfor musikk. Ho er frilans songar, og er blant anna fast korist i det anarkjende koret Oslo Gospel Choir, er låtskrivar og produsent for ulike artistar. Sindre Steig er blant artistane ho står bak som både låtskrivar og produsent, som har blitt listet fleire gongar på NRK P3. På denne kanalen kan du også høyre stemma hennar på fleire av jinglana. No står hennar personlege låtar for tur. 

Eitt spor, 6 låtar

“Like A Bird” heiter samlesporet, og er produsert saman med Kristian Sæland. Det er seks låtar som er samansett til eitt spor. Mellom låtane er det monolog frå mor hennar og ein reportasje frå NRK av far hennar, som er med for å forsterke historia og bakgrunnen for låtane. Det gjeld å høyre frå start til slutt for å få med seg den raude tråden.

Som låtskrivar likar Rak å skrive i forskjellege sjangrar, men i denne utgjevinga har Rak fokusert på melodiøs pop. 

– Når eg no gjev ut musikk som artist, har eg teke anledninga til å skrive ganske personleg, og til og med på grensa til privat. Eg tykkjer det er spennande å gjere det slik, for eg veit at det fins folk der ute som treng å høyre det som er dønn ærleg for å ikkje kjenne seg aleine om sine situasjonar og tankar, for eg veit det er fleire der ute som har det som meg, seier Rak. 

Grunnen til at låtane er set saman til eitt spor, er for at lyttaren skal få vere med på ei reise frå start til slutt. Det er ikkje mykje som blir forklart før låtane kjem ut singelvis dei neste månadane. Det einaste ein kan gjere for å nyte dette, er å setje av 20 minutt, på bussen, toget, trikken, båten, eller på tur med hunden.

Instagram: https://www.instagram.com/thisisrak/

TikTok: https://www.tiktok.com/@thisisactuallyrak

Spotify: https://open.spotify.com/artist/22yJ7EtPkdi1dwv7qjoz6j?si=s8ipKRJ3R8utIb8GHE8CHA

RAK

//

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *