Etter at Rak slapp sitt album “Like A Bird” som eit 21 minutters langt spor, er ho klar for å gje ut låtane enkeltvis. “Red Sand/Blue Sea” er symbola på å vere halvt thai og halvt norsk. Her fortel Rak om oppveksta si, gjennom både tekst og eit massivt lydbilde. Release 10.juni.
Rak har vakse opp i den vesle bygda Eiksund. Både bygda og familien hennar har tilsynelatande forma henne, men så er det så mykje meir som også ligg bak – fars forhold til alkohol, kreft og død, ein familie på den andre sida av kloden det er vanskeleg å forholde seg til når ein ikkje kan språket, bygdeoppvekst og annleisheit har heller aldri vore ein god kombinasjon, der ho heile tida har streva for å framstå som ‘normal’.
Sjølv om Rak elskar bygda si, held ho no til i musikkmiljøet i Oslo. Ho har mange hattar innanfor musikk. Ho er frilans songar, og er blant anna fast korist i det anerkjende koret Oslo Gospel Choir, er låtskrivar og produsent for ulike artistar. Sindre Steig er blant artistane ho står bak som både låtskrivar og produsent, som har blitt lista fleire gongar på NRK P3 og P1. På denne kanalen kan du også høyre stemma hennar på fleire av jinglana. No står hennar personlege låtar for tur.
Siste låt ferdig er fyrste låt ut
“Red Sand/Blue Sea” er fyrste single ut i minialbummet “Like A Bird”.
Rak går djupare inn og kjem til å forklare kvar låt frå “Like A Bird”, dette handlar Red Sand/Blue Sea om:
Instagram: https://www.instagram.com/thisisrak/
TikTok: https://www.tiktok.com/@thisisactuallyrak
Spotify: https://open.spotify.com/artist/22yJ7EtPkdi1dwv7qjoz6j?si=s8ipKRJ3R8utIb8GHE8CHA