
Sindre Steig – Kyss meg
Sindre Steig slapp låt den 8. april etter to år i stillhet. No satsar han alt på artistkarrieren og held koken oppe etter ein vellukka første release med sin nye sound.
– Eg hadde som mål å berre gå oppover, at kvar låt skulle ta av meir enn den førre. Eg vart heilt sjokkert då “Sjao deg igjen” blei C-lista på Nrk P1, som 1 av 29 låter. Då merka eg fort at det kan bli eit vanskeleg mål, men eg skal prøve mitt aller beste, seier Sindre Steig.
3. juni kjem Steig ut med si neste låt “Kyss meg”. Låta er skriven av artisten sjølv, i lag med Rak Marie Hatløy Sætre. Denne gongen har Steig stått som produsent sjølv saman med Sætre, Robin Windsrygg og Elias Muri Skagefoss. Saman har dei treft soundet og kjem med ei heilt unik og spanande låt.
Trivast som freelancer
Steig har dette halvåret slutta som student og er no artist og kunstnar på heiltid. Dette har gitt artisten eit ekstra gir eller to til å skrive og produsere så mykje han klarer. Dette ser me igjen på hyppigheita i låtene som kjem.
Artisten meiner sjølv at den nye kvardagen har gitt han moglegheita til å vere meir seg sjølv. I staden for å sakte bli lei av musikk, har Steig det berre gøy og nyt kvart minutt han kan bruke på den nye musikken sin.
“Kyss meg” handlar om å gi litt f.. i kva andre seier og berre vere seg sjølv.
– Låta handlar om at ein skal gi litt f.. i kva andre tenker og seier om deg. Våg å vere den du er og ikkje minst den du vil vere. Ein seier jo alltid at alle er perfekte som dei er, men med tanke på kva ein blir vist på sosiale medium av “normen” så føler eg at mange kan kjenner seg utanfor, ikkje minst meg sjølv.

Vulgært språk
Me høyrer at soundet er på plass, men her har Sindre og Rak våre meir vulgære i språkbruken. Låta tar blant anna for seg utdrag frå Janteloven og “dersom du ikkje har noko fint å sei, kan du kysse meg i rassen og tenke på dine eigne feil”.
Etter å lese tittelen er teksten i låta heilt noko anna.
– Det var ei veldig gøy låt å skrive. Det er kjekt å kunne vere litt irritert i ny og ne, på denne typen mennesker som kanskje gjer det for å styrke deira eigne ego. Kven veit? Dei kan i alle fall kysse meg i rassen og sjå meg gå vidare.
Instagram: https://www.instagram.com/sindresteig/
TikTok: https://www.tiktok.com/@sindresteig
Spotify: https://open.spotify.com/artist/6HA4vgjN7BchIZiJWd24ZY?si=u75N-4B0SMGxumoxCkFPtw